Beskrivelse
Ei mjuk og komfortabel lue som raskt blir ein fast del av kvardagen. Perfekt til barnehage, skule, tur og leik ute – og lett å kombinere med resten av garderoben.
Lua er laga i 100 % merinoull, som er naturleg temperaturregulerande og pustande. Ulla gir lun varme når det er kjølig, samtidig som ho slepp ut overskotsvarme når aktivitetsnivået aukar. Det gjer lua behageleg å bruke gjennom skiftande temperaturar og aktive dagar ute. Lua er strikka med reflekstrådar som gjer barnet synleg i mørket.
Den fine merinoulla kjennest mjuk mot huda, medan den fleksible passforma formar seg etter hovudet og sit godt på plass under aktivitet.
Det reine uttrykket gjer lua enkel å kombinere med yttertøyet – og ho passar perfekt saman med resten av Superkatten 2026.
Eigenskapar:
• Materiale: Merinoull
• Fluorkarbonfri (PFAS-fritt)
• Lanolinfri
• Vindstopparar ved øyrene
• Reflekstråder
• Pustande
• Fukttransporterande
• Temperaturregulerande
• Elastisk passform
• Gir god dekning rundt hovud, øyre og hals
• Sit godt under aktivitet
Vask og vedlikehald:
• Vaskast på ullprogram med ullsåpe
• Formast i fasong etter vask
• Tørkast flatt
• Ikkje bruk tørketrommel